::hovedsiden ::observasjoner ::galleri ::nyheter ::sjeldenhetskomiteén
::lokaliteter ::mailingliste ::linker ::kontakt

Årets bilete 2006

Av Jon Djupvik | 16. mars 2007

Det beste fuglebilete i Hordaland i 2006 er no kåra. Det vart sendt inn 45 flotte bidrag til kåringa. Av desse plukka ein jury som besto av fotograf for Samfoto og medlem av Norske Naturfotografer; Stig Tronvold, samt Ragnar Vikøren og Jon Djupvik frå NOF Bergen lokallag ut ti finalebilete som vart lagt ut på nettsida ”Fuglar i Hordaland”. Så vart det opp til dei som besøkte nettsida å avgjere kva for eit bilete som skulle gå heilt til topps.

  • Finalistbildene i 2006
  • Publikum har no gitt sin dom. Det vart til saman trykt på mentometerknappane 162 gonger og flest stemmer gjekk til bileta av ei havørn i flukt over Radøy, ei kattugle i ei pipe i Bergen og tre storlom på blikkstille vatn i Eidfjord.

    Avsløring av vinnarbiletet og overrekking av premiar til dei tre beste bileta vil skje på NOF Bergen lokallag sitt medlemsmøte på Naturhistorisk museum den 10. april.

    NOF Bergen lokallag ønskjer å rette ein takk til Natur og Fritid AS som sponsar førstepremien, vår IT-konsulent Arild Breistøl, alle som har sendt inn bilete og alle som har stemt!

    Dei tre bileta til høgre kom på dei tre fyrste plassane, med 107 av totalt 159 stemmer (67%). Rekkefølgja vil bli avsløra på NOF Bergen sitt medlemsmøte 10. april.

  • Årets bilde - Hovedside

  • www.fuglar.no © Norsk Ornitologisk Forening avd. Hordaland